Walter Becker
Walter Carl Becker (20. februar 1950–3. september 2017) var ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var mest kjend for å ha vore med å skipe jazzrockbandet Steely Dan, der han spelte gitar, bass og var låtskrivar.[1][2] Becker møtte den framtidige låtskrivarpartnaren Donald Fagen då dei begge studerte ved Bard College. Etter ein kort periode med aktivitet i New York City, flytta dei to til Los Angeles i 1971 og skipa kjernen av Steely Dan, som dei neste ti åra fekk stor suksess som eit kritikarrost band. Då gruppa vart oppløyst flytta Becker til Hawaii og vart mindre aktiv, og arbeidde stort sett som plateprodusent. I 1985 var han ei kort stund medlem av det engelske bandet China Crisis, og produserte og spelte synthesizer på albumet deira Flaunt the Imperfection. Becker og Fagen starta opp att Steely Dan i 1993 og vart verande aktiv dei neste tjue åra. Dei spelte mellom anna inn Two Against Nature (2000), som vann fire Grammyprisar. Becker gav ut to soloalbum, 11 Tracks of Whack (1994) og Circus Money (2008). Etter å ha kjempa mot spiserøyrskreft, døydde han 3. september 2017. SolodiskografiSom leiar
Som sidemann eller produsent
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|