Vest-cree-abugidaen![]() Vest-cree-abugidaen, populært kalla vest-cree-stavingsalfabetet, er ein variant av abugidaen for cree og inuktitut, som blir nytta for å skrive prærie-cree (engelsk Plains Cree), skog-cree (engelsk Woods Cree) og vestlege dialektar av myr-cree (engelsk Swampy Cree. Den blir nytta for å skrive cree-dialektar grovt rekna vestanfor grensa mellom dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario. Skriftsystemet for cree er ein abugida, i og med at konsonantane alltid blir uttrykte med same symbol, t.d. eit v-forma teikn for p, som så blir modifisert (her snudd rundt på) for å markere ulike konsonant-vokal-kombinasjonar. Abugidaer skil seg frå ekte stavingsalfabet ved at stavingsalfabeta, som t.d. cherokeealfabetet, har ulike symbol for kvar staving. GrunnprinsippDei fleste symbola i vest-cree-abugidaen står for ei sekvens av konsonant pluss vokal, til dømes ᐱ pi og ᑎ ti. Ved å snu desse symbola i ulike retningar får ein fram ulike vokalar, slik at ᐳ står for po, ᐯ for pē og ᐸ for pa (og tilsvarande for dei andre konsonantane). Ved å setje ein prikk over ᐱ pi, ᐳ po og ᐸ pa får vi lange vokalar: ᐲ pī, ᐴ pō og ᐋ pā. (Det trengst ikkje prikk på ᐯ pē, sidan det ikkje finst nokon kort e.) Det finst òg eigne bokstavar for vokalar utan konsonant føre, nemleg ein trekant som blir snudd på same måten, ᐃ i, ᐅ po, ᐁ ē, ᐊ a, og som har ein prikk over for vokallengd: ᐄ ī, ᐆ ō og ᐋ ā. Bokstavane må delast i symmetriske og asymmetriske, for variasjonen i vokalar kjem fram på litt forskjellige måtar ved dei to typane. Symmetriske bokstavar snur ein stegvis 90°, som alt vist ovanfor:
Ved asymmetriske bokstavar går ein fram på ein litt annan måte. Dels snur ein bokstavane 180°, dels spegelvender ein dei:
Ein prikk etter ein bokstav symboliserer at det kjem ein w føre vokalen. Medan ᐁ står for ē, står ᐍ for wē, og medan ᐯ står for pē, står ᐻ for pwē. (I aust-cree-stavingsalfabetet står prikken føre bokstaven.) Det finst eigne bokstavar for konsonantar som står i slutten av ei staving, utan vokal etter seg. Desse bokstavane er kalla finale i tabellen nedanfor. Bokstaven ᐦ står for h. Denne bokstaven blir nytta finalt, men blir òg sett føre vokalbokstavane, som i ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ nēhiyawēwin 'cree-språket'. DialektskilnaderDet er to fonologiske skilnader mellom prærie-cree og skog-cree som får fylgjer for korleis alfabetet blir nytta:
Inventar
Notar:
Romersk-katolske tilleggI ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for lånords-konsonantane l og r:
Vest-cree-abugidaen i dataalderenDen kanadiske abugidaen er representert i Unicode, i området frå Ux1401 til Ux1676. |