Vesle Zab eller Nedre Zab (arabisk الزاب الاسفل, al-Zāb al-Asfal; kurdisk Zêy Koya eller Zêyê Biçûk; farsi زاب کوچک, Zâb-e Kuchak; assyrisk ܙܒܐ ܬܚܬܝܐ, Zāba Taḥtāya) er ei elv som spring ut i Iran og munnar ut i Tigris like sør for Al Zab i Kurdistan-regionen i Irak. Elva er kring 400 km lang og drenerer eit område på kring 22 000 km². Elva får vatn frå regn og snøsmelting, og har høgast vassføring om våren og låg vassføring om sommaren og tidleg på hausten. Det er bygd to demningar i Vesle Zab som regulerer vassføringa og som bidreg til at ein kan vatne jordbruksområda og skape vassenergi. Zagrosfjella har vore busette sidan minst nedre eldre steinalder, men dei tidlegare arkeologiske funna i nedslagsfeltet til Vesle Zab, Barda Balka, er datert til midtre eldre steinalder. Ein har gjort funn ved Vesle Zab i alle arkeologiske periodar sidan den gongen.
Elveleiet
Vesle Zab spring ut i Zagrosfjella i Iran i ei høgd på kring 3000 moh.[2] I den øvre leia renn Vesle Zab gjennom dei større fjellkjeldene som utgjer Zagrosfjella. Elva renn derfor gjennom dalane som hovudsakleg går frå nordvest til søraust, parallelt til dei store fjellkjedene i Zagros, og endrar berre retning brått der ho skjer gjennom desse fjella i tronge kløfter.[3] Vesle Zab renn ut på sletta sør for Dukan, der ho først går om lag vestover før ho svingar sørvestover oppom byen Altun Kopru og munnar ut i Tigris nær byen Al Zab.[4] Dei fleste sideelvane til Vesle Zab har samløp oppfor Dukan, og dei største av desse er Baneh og Qala Chulan.[3] Fleire mindre elvar munnar ut i Vesle Zab på Ranyasletta, som i dag delvis er dekt av Dukansjøen.[5]
Ein liten del av Vesle Zab dannar grensa mellom Iran og Irak, og langs den nedre leia dannar ho grense mellom Erbil guvernement og Sulaymaniyah guvernement, og mellom Erbil og Kirkuk guvernement. Elva får vatn frå snøsmelting og regn, og har størst vassføring frå februar til mai. Lågast vassføring har ho frå juli til oktober. Middelvassføringa til Vezle Zab er 197,8 kubikkmeter i sekundet, men på det meste er vassføringa vorte målt til 3 420 kubikkmeter per sekund. I året renn det 7,2 kubikkilometer med vatn ut elva.[6][7][8] På grunn av dei mange stryka i elva kalla arabiske geografar Vesle og Store Zab for «besette av demonar».[1]
Nedslagsfelt
Nedslagsfeltet til Vesle Zab dekkjer kring 22 000 km²;[2][9] frå staden der Dukandammen er bygd. Størsteparten av vassdraget (74 %) ligg innafor Irak, og resten i Iran.[9] I nord grensa nedslagsfeltet til Store Zab og i sør til elvane Adhaim og Diyala.
Vezle Zab kryssar særs mangfaldige klimatiske og økologiske sonar. Årsnedbøren langs leia går frå meir enn 1000 mm i dei iranske Zagrosfjella, til mindre enn 200 mm ved samløpet med Tigris nær Al Zab.[10] Middeltemperaturen følgjer eit liknande mønster, der fjelldalane generelt har langt kaldare vintrar enn foten av fjella medan somrane er langt varmare i låglandet.[11] I dei høge Zagrosfjella er det tre forskjellige økosonar. Tregrensa er på kring 1800 moh. Den dominerande vegetasjonen mellom 1800 og 610 moh. var open eikeskog, men det er ikkje mykje att av denne originale vegetasjonen. Elvedalane er dominert av planter som likar mykje vatn og myrlendte område var tidlegare utsett for malaria. Mange av dei er i dag drenerte.[12][13][14] Foten av fjella, særleg Arbilsletta, er tungt oppdyrka, men det finst naturleg vegetasjon her og der.[15]
Al-Soof, Abu (1968), «Distribution of Uruk, Jamdat Nasr and Ninevite V Pottery as Revealed by Field Survey Work in Iraq», Iraq30 (1): 74–86, ISSN0021-0889, JSTOR4199840
Al-Soof, Behnam Abu (1970), «Mounds in the Rania Plain and Excavations at Tell Bazmusian (1956)», Sumer26: 65–104, ISSN0081-9271
Biglari, Fereidoun; Shidrang, Sonia (2006), «The Lower Paleolithic Occupation of Iran», Near Eastern Archaeology69 (3–4): 160–168, ISSN1094-2076, JSTOR25067668
Bosworth, C.E. (2010), «AL-Zāb», i Bearman, P.; Bianquis, Th.; Bosworth, C.E.; van Donzel, E.; Heinrichs, W.P., Encyclopaedia of Islam, Second Edition, Leiden: Brill Online, OCLC624382576
Buringh, P. (1960), Soils and Soil Conditions in Iraq, Bagdad: Ministry of Agriculture, OCLC630122693
Edmonds, C.J. (1957), kurdarar, Turks, and arabarar. Politics, Travel and Research in North-Eastern Iraq 1919-1925, London: Oxford University Press, OCLC397502
Eidem, Jesper (1985), «News from the Eastern Front: The Evidence from Tell Shemshāra», Iraq47: 83–107, ISSN0021-0889, JSTOR4200234
Fink, A.K.; Ostrizhnov, I.D. (1983), «Dokan Hydroelectric Station in Iraq», Power Technology and Engineering17 (10): 519–522, ISSN1570-1468, doi:10.1007/BF01425181
Frenken, Karen (2009), Irrigation in the Middle East Region in Figures. AQUASTAT Survey 2008, Water Reports 34, Rome: FAO, ISBN978-92-5-106316-3
Iraqi Ministries of Environment, Water Resources and Municipalities and Public Works (2006a), «Volume I: Overview of Present Conditions and Current Use of the Water in the Marshlands Area/Book 1: Water resources», New Eden Master Plan for integrated water resources management in the marshlands areas, New Eden Group
Iraqi Ministries of Environment, Water Resources and Municipalities and Public Works (2006b), «Annex III: Main Water Control Structures (Dams and Water Diversions) and Reservoirs», New Eden Master Plan for integrated water resources management in the marshlands areas, New Eden Group
Isaev, V.A.; Mikhailova, M.V. (2009), «The Hydrology, Evolution, and Hydrological Regime of the Mouth Area of the Shatt al-Arab River», Water Resources36 (4): 380–395, ISSN0097-8078, doi:10.1134/S0097807809040022
Kliot, Nurit (1994), Water Resources and Conflict in the Middle East, Milton Park: Routledge, ISBN0-415-09752-5
Kolars, John (1994), «Problems of International River Management: The Case of the Eufrat», i Biswas, Asit K., International Waters of the Middle East: From Eufrat-Tigris to Nile, Oxford University Press, s. 44–94, ISBN978-0-19-854862-1
Shahin, Mamdouh (2007), Water Resources and Hydrometeorology of the Arab Region, Dordrecht: Springer, ISBN978-1-4020-5414-3
Solecki, Ralph S. (1963), «Prehistory in Shanidar Valley, Nord-Irak: Fresh Insights into Near Eastern Prehistory from the Middle Paleolithic to the Proto-Neolithic are Obtained», Science139 (3551): 179–193, PMID17772076, doi:10.1126/science.139.3551.179
Solecki, Ralph S. (2005), «The Bekhme Dam Project in Kurdistan Iraq. A Threat to the Archaeology of the Upper Zagros River Valley», International Journal of kurdisk Studies19 (1/2): 161–224, ISSN1073-6697
Stein, Diana L. (1997), «Nuzi», i Meyers, Eric M., The Oxford Encyclopedia of Archaeology in the Ancient Near East4, New York: Oxford University Press, s. 171–175, ISBN0-19-506512-3
US Air Force Combat Climatology Center (2009), Climate of Iraq, NOAA, henta 4. august 2010
van de Mieroop, Marc (2007), A History of the Ancient Near East, ca. 3000–323 BC. Second Edition, Blackwell History of the Ancient World, Malden: Blackwell, ISBN978-1-4051-4911-2
Villard, Pierre (2001), «Arbèles», i Joannès, Francis, Dictionnaire de la Civilisation Mésopotamienne, Bouquins (på fransk), Paris: Robert Laffont, s. 68–69, ISBN978-2-221-09207-1