Verd![]() Verda kan visa til heile universet, men vert hovudsakleg nytta om planeten jorda. I denne tydinga er då eit verdskart eit kart over jorda si overflate. Verda kan òg vise til busetnaden på jorda generelt eller ei meir spesifikk gruppe med menneske. Omgrepet kan òg brukast symbolsk, om ei tenkt eller ukjend verd. ![]() Fysiske plasseringarI andre kontekstar nyttast verd som eit synonym til planet, til dømes er Mars og Jupiter to verder i solsystemet. Verda kan òg referere til heile universet. Dette har vorte mindre vanleg etterkvart som ein har lært meir om verdsrommet, men er likevel på eit vis nytta i meininga «heile vide verda», noko som er mest vanleg i filosofien. Andre tydingarVerd kan brukast i mindre bokstavelege tydingar, til dømes kan to personar med lite til felles sei at dei «lever i kvar si verd». «Verdas ende» tyder vanlegvis «slutten på alt som er kjent for meg». Delar av verdaUlike delar av verda med visse fellestrekk kan bli omtala som «ei verd» saman, som «den nye verda», som vart oppdaga av Christoffer Columbus. Frasen kan òg nyttast i meir kulturelt spesifikke kontekstar, til dømes refererer nyheitskommentatorar gjerne til «Den muslimske verda» som om det var ei spesifikk eining. ReligionI kristendommen viser verda til mennesket sitt fall og ein korrupt verdsorden med menneskesamfunn utanfor samfunnet med truande. Verda vert då gjerne nytta i lag med kjødet og djevelen som ei kjelde for freisting som kristne burde flykte i frå. I amerikanske urfolk sin mytologi er femte verda den komande verda som vil eksistere etter den noverande verda. Også i norrøn mytologi meinte ein at ei ny verd skulle oppstå etter Ragnarok. FiksjonVerd kan òg referere til oppdikta verder, til dømes Star Trek-verda eller verda der handlinga i Ringenes herre skjer. Andre fiktive verder som ein kan leve seg inni finn ein i dataspel og massive multispelarrollespel, til dømes Tamriel i Elder Scrolls-serien og Rubi-Ka i Anarchy Online. Sjå òg fiktiv verd. KunnskapssystemI kunnskapssystem og kunnskapsnivåmodellering, er eit system si verd kunnskapen som systemet har om omgivnadane sine. Første verda, Andre verda, Tredje verdaTermane første verda, andre verda, og tredje verda vart nytta for å dele inn jorda sine nasjonar i tre breie kategoriar. Dei tre namna kom ikkje samstundes. Etter andre verdskrigen vart det vanleg å snakke om kapitalistiske og kommunistiske land som to store blokker, av og til under namna «den frie verda» mot «kommunistblokka». Etter kvart fann ein ut at mange land ikkje passa inn i nokon av desse kategoriane, og på 1950-talet vart desse landa kategorisert som den tredje verda. Ein byrja då å tenkje at der burde vere ei første og andre verd òg, men desse termane har vore mindre vanlege. I samband med den kalde krigen:
![]() Etter kollapsen til Sovjetunionen i 1991, har frasen «den andre verda» meir eller mindre forsvunne heilt, sjølv om «tredje verda» fortsatt er i bruk. Dei resterande kommunistlanda vart anten isolert frå verdsøkonomien, slik som Nord-Korea og Cuba, eller Kina og Vietnam som byrja å integrere kapitalistiske konsept som private bedrifter i samfunnet, og skape nye handelsband med eksterne kapitalistiske økonomiar, I seinare tid har «den første verda» først og fremst vore nytta om industrialiserte nasjonar, medan «tredje verda» då har referert til utviklingsland. Ein mindre vanleg term er fjerde verda, som vert nytta om nasjonar som ikkje har ein nasjonal representasjon i SN, men som er representerte i OUNF — folkeslag som bur innanfor eller over statlege grenser. Sjå òg |