Val-de-Travers
Val-de-Travers er ein kommune i distriktet Val-de-Travers i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 10 832 innbyggjarar (2010) og eit areal på 13 km². Kommunesenteret ligg 737 meter over havet. Val-de-Travers er hovudstad i distriktet som har namn etter kommunen. Det meste av kommunen Val-de-Travers ligg i ein dal som kommunen har namn etter. I søraust har kommunen ei lang grense mot kantonen Vaud, medan kommunen har ei kort grense mot Frankrike i vest. Han vart skapt 1. januar 2009 då dei tidlegare kommunane Boveresse, Buttes, Couvet, Fleurier, Les Bayards, Môtiers, Noiraigue, Saint-Sulpice og Travers slått saman til Val-de-Travers.[1] Regionen er kjend for produksjon av absint. ![]() Kommunen ligg i Jurafjella. Dalen gev eit samband mellom Det sveitsiske platået og Franche-Comte. Elva L'Areuse (tidlegare kalla La Reuse) renn gjennom dalen. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|