Den 27. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 28. januar til 7. februar 1982 i Schladming og Haus im Ennstal i Steiermark i Austerrike.
Både menn og kvinner tevla i fire øvingar kvar. Mennene sine øvingar fann stad ved skisenteret Planai i Schladming, medan kvinneøvingane vart haldne i Haus im Ennstal, seks kilometer lengre aust.
Sveits vann flest gullmedaljar, alle tre ved Erika Hess. Dei fem andre gullmedaljane gjekk til utøvarar frå fem ulike land. I alt ni land vann medalje, Sveits og USA flest med fem stykke kvar.