Uzjhorod
Uzjhorod (ukrainsk Ужгород) er ein by vest i Ukraina, ved grensa til Slovakia og nær grensa til Ungarn. Han er det administrative senteret i Zakarpattja oblast (region), og i Uzjhorodskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 110 000 innbyggjarar. Byen har eit stort og viktig universitet, ein Škoda-fabrikk og eit slott. Sidan byen ligg nokre kilometer frå den slovakiske og ungarske grensa er han eit populært turistmål. Den største folkegruppa i Uzjhorod er hovudsakleg ukrainarar, men det er òg mange etniske ungararar i byen. Ungarsk blir difor ofte brukt. Uzjhorod har ungarsk konsulat. Før første verdskrigen tilhøyrde Uzjhorod den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. I mellomkrigstida tilhøyrde byen Tsjekkoslovakia. Ein kort periode var byen hovudstaden i Den ukrainske karpatske republikken, som vart leia av den lokale ukrainsk presten Avhustyn Volosjin. Etter Sovjetunionen sigra i andre verdskrigen tok Stalin området frå Tsjekkoslovakia og sameinte det med resten av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. KlimaUzjhorod har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dfb), nær grensa til maritimt klima (Cfb) med kjølige til kalde vintrar og varme somrar. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -1,7 °С medan den varmaste er juli med ein middeltemperatur på 20,9 °С. Den lågaste temperaturen som er målt er -28,2 °С og den høgaste temperaturen er 38,6 °С. Middelnedbøren er 748 mm i året, som er jamt fordelt utover året, sjølv om det kjem mest nedbør om sommaren.[1] I snitt får Uzjhorod 1950 soltimar i året.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff![]() |