UNITA
UNITA eller União Nacional para a Independência Total de Angola er eit politisk parti og ei tidlegare opprørsgruppe i Angola. UNITA blei grunnlagd i 1966 som ei gruppe som kjempa mot portugalsk koloniherredømme i landet og var leia av Jonas Savimbi.[3] Kampen for sjølvstende blei ført saman med andre organisasjonar, fyrst og fremst Movimento Popular de Libertação de Angola (MPLA) og Frente Nacional de Libertación de Angola (FNLA). Etter at Angola blei sjølvstendig i 1975 heldt UNITA fram kampen mot den nye makthavaren i landet, MPLA, og det utvikla seg til borgarkrig. Den angolanske borgarkrigen varte til 2002, då UNITA-leiaren Jonas Savimbi døydde. Borgarkrigen var ein av stadfortredarkonfliktane i den kalde krigen. Det antikommunistiske UNITA fekk støtte av USA og Sør-Afrika i kampen mot det marxist-leninistiske MPLA, som hadde støtte frå Sovjetunionen og Cuba.[4] UNITA blei pressa tilbake til område i det søraustlege Angola, der organisasjonen etablerte hovudkvarter i Jamba og søkte støtte frå ovimbundufolket. Gruppa skaffa seg inntekter gjennom gruvedrift etter rådiamanter.[5] Ho heldt fram kampen sin mot styresmaktene i Angola også etter slutten av den kalde krigen og innføringa av val i landet.[6] Som følgje av fredsforhandlingar blei UNITA anerkjent som eit lovleg politisk parti i 1998.[7] Partiet deltok i valen i 1992, der Jonas Savimbi fekk 40 % av stemmene og tapte for MPLAs José Eduardo dos Santos med 49, 6% i presidentvalet og der UNITA fekk 34,1 % og 70 av 220 sete i nasjonalforsamlinga.[8] UNITA aksepterte ikkje nederlaget, og det kom skuldingar om valfusk. Etter at Savimbi døydde gjekk UNITA heilt vekk frå den valdelege kampen, og omdanna seg til eit politisk parti. I 2003 blei leiarskapen overteken av Isaías Samakuva.[9] UNITA deltok i det frie valet i 2008, vann 10,4% av stemmane og 16 sete i nasjonalforsamlinga.[10] Det er det største opposisjonelle partiet i Angola. Ved valet i 2012 fekk UNITA 18 % av stemmane.[11] Kjelder
Bakgrunnsstoff |