Tunge![]() Tunga er ei stor muskelsamling i munnen som handsamar mat og blir brukt til å smaka med. Ho blir òg brukt til kommunikasjon, og er eitt av taleorgana hjå menneske. I tillegg har ho ei rekkje andre bruksfelt. OppbyggingMykje av tungeyta er tekt med smakslaukar. BrukKommunikasjonMenneske brukar tunga til å framstilla ei rekkje språklydar ved at ho sperrar for noko av luftstraumen som går ut gjennom munnen. Tunga er òg ein viktig del av kroppsspråk, der å slikka seg rundt munnen tyder at ein har lyst på mat, eller ei utstrekt tunge kan brukast til å erta eller skremma med. Det siste finst til dømes i formelle helsingar blant maoriar. AvkjølingNokre dyr bruker tunga til å kjøla seg ned med. Ved å rekka ut tunga slik at vatn fordampar frå henne, senker dei kroppstemperaturen på same måte som når menneske sveittar. Bakgrunnsstoff
|