Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Tsjeboksary

Tsjeboksary
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Tsjuvasjia
Høgd 150 m
Areal 250,87 km²
Folketal 497 061 (1. januar 2025)
Først nemnd i 1469
 •  Bystatus 1781
Postnummer 428000–428038
Retningsnummer (+7) 8352
Bilnummer 21, 121
Kart
Tsjeboksary
56°08′00″N 47°15′00″E / 56.133333333333°N 47.25°E / 56.133333333333; 47.25
Wikimedia Commons: Cheboksary

Tsjeboksary (tsjuvansk Шупашкар, Sjupasjkar, russisk Чебоксары) er den største byen og hovudstad i republikken Tsjuvasjia i Russland. Byen har om lag 500 000 innbyggjarar, men berre om lag seks kilometer lenger aust ligg drabantbyen Novotsjeboksarsk med om lag 125 000 innbyggjarar (2002).

Tsjeboksary ligg langs breidda av Volga og er ein viktig hamneby. I tillegg har byen tekstil-, næringsmiddel- og traktorfabrikkar.

Området ved golfen i Tsjeboksary.
Hamna ved Tsjeboksary.

Historie

Tsjeboksary vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1469, då russiske soldatar passerte gjennom byen på veg til Kazan-khanatet. I følgje arkeologiske utgravingar har området truleg vore busett lang tidlegare. Her låg den bulgarske byen Veda Suvar, som dukka opp etter mongolane erobra store volga-bulgarske byar på 1200-talet. I khanat-perioden meiner enkelte historikarar at byen hadde eit det tyrkiske namnet Çabaqsar og at det noverande russiske namnet er ei form av dette. På kart frå europeiske reisande vart han derimot oppført som Cibocar (Pizzigano, 1367), Veda-Suar (Fra Mauro, 1459). Sjupasjkar, det tsjuvasjiske namnet tyder «festning».

I 1555 bygde russarane ei festning og oppretta ein busetnad her. I 1625 var det 458 soldatar innkvarert i Tsjeboksary, og i 1646 var det 661 menn som budde i busetnaden. Mot slutten av 1600-talet vart Tsjeboksary rekna som ein stor handelsby i Volga-området og i 1781 fekk han bystatus i Kazan-provinsen. På byrjinga av 1800-talet hadde byen om lag 5500 innbyggjarar, eit sagbruk og fleire små fabrikkar.

Tsjeboksary var kjend for dei 25 kyrkjene og fire klostera sine, og Tsjeboksary-bjøllene vart kjende i både London og Paris.

På 1500-talet og første halvdel av 1600-talet vart Vvedenskij-katedralen, fire kloster og åtte kyrkjer bygde, og på 1700-talet kom skattkammeret og arkivet i stein, magistratsbygning, tinghus og ti kyrkjer. I 1880 stod det 783 hus (33 av dei i stein), 91 butikkar, tre skular, to sjukehus og ein bank i Tsjeboksary.

På byrjinga av 1900-talet levde det 5 100 menneske i Tsjeboksary, men i 1965 hadde talet auka til 163 000.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Tsjeboksary
Reiseguide for Cheboksary frå Wikivoyage
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya