Tromme![]() Tromme er eit perkusjonsinstrument som vanlegvis er bygd av eit sylindrisk røyr med ein membran trekt over ein eller begge endar. Ein kan få lyd ved å få membranen, eller trommeskinnet, til å vibrera. Trommr er eit av dei eldste og mest utbreidde musikkinstrumenta, og fint i ei rekkje variantar innanfor ulike kulturar og musikktradisjonar.
Ein kan spela tromme ved hjelp av trommestikker, vispar, klubber eller hender. Instrumentet kan brukast som akkompagnement til song og dans og i ei rekkje ulike typar ensemble. I orkester- og korpsmusikk er skarptromme, stortromme, pauke og mindre perkusjonsinstrument som til dømes tamburin mykje nytta. I sjangrar som pop, rock og jazz, vert ofte fleire ulike typar trommer kombinert i trommesett. Enkeltståande handtrommer, som til dømes bongotrommer, congas eller djembe, er også vanlege i ei rekkje musikkformer. Bakgrunnsstoff
Kjelder
|