Trier
Trier[a] er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elva Mosel og er den eldste i Tyskland, grunnlagd i eller før 16 fvt.[1] Trier er ikkje den einaste byen som hevdar å vere den eldste i Tyskland, men Trier er den av desse som har lengst historie som by, og ikkje berre som busetnad eller militærleir. Trier ligg i ein dal mellom låge sandsteinsåsar kledd med vinranker vest i Rheinland-Pfalz, nær grensa til Luxembourg og er ein del av det viktige vinområdet Mosel-Saar-Ruwer. Byen er det eldste setet for eit kristent bispedøme nord for Alpane. I mellomalderen var erkebiskopen av Trier ein svært viktig kyrkjeleg fyrste sidan erkebispedømet Trier kontrollerte landområde frå den franske grensa til Rhinen. Han var òg ein av dei sju kurfyrstane i Det tysk-romerske riket. Dei nærmaste storbyane i Tyskland er Saarbrücken, om lag 80 km mot søraust, og Koblenz, om lag 100 km nordaust. Endå nærare ligg hovudstaden i Luxembourg, 50 km sørvest. I Trier ligg Universität Trier frå mellomalderen, regionalforvaltinga, og eit katolsk bispedøme. GeografiTrier ligg i Moseldalen, der størstedelen av byen ligg på høgresida av elva. Bakkar kledde med skog og vinranker strekkjer seg opp til Hunsrückplatået i sør og til Eifel i nord. Grensa til Luxembourg ligg berre 15 km borte. Historie![]() Foto: Berthold Werner Romarriket erobra stamma Treveri i det 1. hundreåret fvt. og oppretta Augusta Treverorum («Byen Augustus i landet til Treveri») i år 30 fvt. Byen vart seinare hovudstad i den romerske provinsen Gallia Belgica, i tillegg til i det romerske prefekturet Gallia. Porta Nigra vart bygd av romarane i byen. Trier var residens for den vestromerske keisaren og fødestad for St. Ambrose. Frankarane okkuperte Trier i år 459. I 870 vart han ein del av Austfrankarriket, som utvikla seg til Det tysk-romerske riket. Levningar av St. Mattias vart visstnok ført til byen, noko som førte til at mange pilegrimar kom til byen. Biskopane i byen vart etter kvart svært mektige, og erkebiskopdømet Trier vart eit av kurfyrstedøma i riket, og ein av dei mektigaste statane i Tyskland. Universität Trier vart grunnlagd i 1473. På 1600-talet flytta erkebiskopen og kurfyrsten av Trier til Philippsburg Slott i Ehrenbreitstein nær Koblenz. Ein sesjon av Reichstag vart halde i Trier i 1512, der demarkasjonslinja til Reichkreis endeleg vart fastsett. På 1600- og 1700-talet prøvde Frankrike fleire gongar å ta Trier, og han vart invadert under trettiårskrigen, den pfalsiske arvefølgjekrigen, den spanske arvefølgjekrigen og den polske arvefølgjekrigen. Frankrike klarte til slutt å erobre Trier i 1794 under den franske revolusjonskrigen og erkebispedømet vart oppløyst. Etter napoleonskrigane tok slutt i 1815 vart Trier ein del av Preussen. Karl Marx vart fødd i byen i 1818. Som ein del av den prøyssiske provinsen Rheinprovinz utvikla Trier seg økonomisk på 1800-talet. Byen var opphav til Marsrevolusjonen i 1848, men opprørarane vart raskt slått ned. Han vart ein del av Det tyske keisarriket i 1871. Dei allierte gjekk kraftig til åtak på Trier i 1944 under den andre verdskrigen og han vart kraftig bombardert. Byen vart ein del av den nye delstaten Rheinland-Pfalz etter krigen. Universitetet, som vart lagd ned i 1797, vart opna igjen i 1970-åra, medan domkyrkja i Trier opna på ny i 1974. Trier feira offisielt sitt 2000-årsjubileum i 1984. Utsyn over Trier frå monumentet Mariensäule.
Foto: Stefan Kühn
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff |