Torri Edwards
Torri Edwards (fødd 31. januar 1977) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå California som i 2004 vart kåra til verdsmeister på 100 meter for 2003, og vann VM-gull i 4 x 100 m stafett i 2007. AktivEdwards deltok i tre øvingar under Sommar-OL 2000. Ho makta ikkje å kvalifisere seg til finalane på 100 m og 200 m, derimot var ho med på det USA-amerikanske laget som fekk bronse på den korte stafetten. Den 11. juli 2003 sprang Edwards sitt livs fortaste 200 meter i eit stemne i Roma, klokka inn på 22,28 sekundar. Under verdsmeisterskapen i Paris nokre veker etter vart Edwards tildelt sølvmedalje på 100 m og bronsemedalje på 200 m, begge tevlingane vart vunne av landskvinna Kelli White. Då White året etter vart dømd for bruk av dopingmidlar, vart Edwards tilkjend VM-sigeren på 100-meteren og sølvplassen på 200 m. Under sjølve meisterskapen i Paris sprang Edwards USA inn til sølvmedalje i 4 x 100 m stafett, fem hundredels sekund bakom laget frå Russland. Etter å ha vore utestengd frå friidretten i 2004-05 kom Edwards sterkt tilbake. Under VM 2007 i Aten måtte ho ta til takke med fjerdeplassen på 100 m så vel som på 200 meter. I 4 x 100 m stafett lukkast ho som ankerkvinne å springe USA sitt lag, som elles bestod av Lauryn Williams, Allyson Felix og Mikele Barber, inn til gull, 0,03 sekund framom Jamaicas Veronica Campbell. I 2008 flytta Edwards den personlege rekorden på 100 meter til 10,78 sekundar i semifinaleløpet då USA heldt OL-uttak, der ho i finalen vart nummer to. Under sommarleikane i Beijing enda ho på åttandeplassen i 100-metersfinalen. DopingEdwards vart i juli 2004 dømd for doping og utestengt i to år. I november 2005 vart utestenginga korta ned til 15 månader, etter at det forbodne stoffet Nikethamide vart nedgradert av WADA. Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Kjelder
|