Torkell Løvland
Torkell J. Løvland (28. september 1889–9. november 1976) var ein norsk jurist, konsul og politikar. Løvland var son til statsministeren Jørgen Løvland. Han tok artium i 1910 og studerte så jus ved Universitetet i Oslo. I haustesemesteret 1914 var han leiar av Studentvenstrelaget.[1] Frå 1916 til 1920 var han leiar av Noregs Unge Venstre.[2] På same tid var faren hans kyrkje- og undervisningsminister. Mot slutten av denne perioden hadde landsorganisasjonen til Unge Venstre i praksis gått i oppløysning. Organisasjonen vart oppattliva i 1920 og eit nytt landsstyre vart valt, der Løvland var styremedlem, men etter nokre få år hadde organisasjonen igjen gått i oppløysing. Torkell Løvland gav i 1929 ut Menn og minner fra 1905, av J. Løvlands papirer frå faren sine etterlatne papir.[3] Løvland gifta seg 15. august 1918 med Liv Hektoen. Dei fekk døtrene Liv Ingeborg Mathilde i 1921 og Tuva (Tove) i 1923. Fotnotar
|