Torgeir Andersen
Torgeir Andersen (16. februar 1916–5. februar 1991) var ein norsk politikar frå Nøtterøy i Vestfold. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold for partiet Høgre i tida 1969-77. Andersen var son til ein skipper. Han tok eksamen på handelsgymnas i 1936 og arbeidde ved Vestfold kjemiske fabrikker frå 1936 til 1965, dei tre fyrste åra som bokholdar, sidan 1939 som kontorsjef til 1965. Frå 1958 var han også kontorsjef ved A/S Norsk Betongvarefabrikk til han i 1969 kom inn på Stortinget. Andersen var medlem i Nøtterøy kommunestyre frå 1952 til 1971, som ordførar 1960-69. Perioden 1964-69 var han i tillegg ordførar for fylkestinget i Vestfold. Hausten 1969 vart han vald inn på Stortinget og vart attvald fire år seinare. Han sat dei tre fyrste sesjonane i Administrasjonskomiteen og dei fem siste i Sosialkomiteen. Elles var han sekretær i Stortinget i sesjonen 1971-72. Etter han forlét Stortinget dreiv han frå 1978 til 1990 eige rekneskapsfirma. Kjelder |