Tore Strømøy
Tore Strømøy (fødd 19. februar 1960) er ein norsk journalist, programleiar, forfattar og tidlegere idrettsmann. Strømøy vart fødd i Frøya i Trøndelag. Han byrja arbeidet som journalist som vikar i Arbeider-Avisa i 1984 og i Adresseavisen i 1985. Året etter vart han tilsett i Hitra-Frøya der han med base på Frøya skulle ta opp konkurransen med Frøyavisa. Sommaren 1986 vart han ansett i NRK Trøndelag som radioreportar. I 1991 byrja han i NRK-fjernsynet. Strømøy er mest kjend for tv-programmet Tore på sporet, men har og arbeida med TV-seriar på NRK som Go'fot på låven, Tett på og På loffen. Han vart kåra til «Årets TV-navn» 1996, 1997 og 2000. Strømøy har og gitt ut ei rad bøker. I 2008 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med barne- og ungdomsboka Isprinsessen (Gyldendal Norsk Forlag). Boka handlar om ein kvinneleg arkeologstudent som trur at ho har funne grava til Leiv Eriksson utanfor Munkholmen i Trondheimsfjorden. I handlinga til boka finn ho eit sverd, men vert så utsett for eit drapsforsøk. Det tok han nesten ti år å skrive denne boka. Strømøy er i dag busett på Steinan i Trondheim. TV
Litteratur
Diskografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|