Tkuma i Israel
Tkuma (hebraisk skrift תְּקוּמָה, tyder 'Gjenoppstandelse') er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nordvest for Netivot og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 514 innbyggjarar. HistorieTkuma vart grunnlagd som ein kibbutz natt til 6. oktober 1946 som ein av Dei 11 punkta i Negev på ein stad som ligg kring ein kilometer frå den noverande staden. Dei første innbyggjarane var immigrantar frå Aust-Europa som overlevde Holocaust. Namnet til at Israel har gjennoppstått. I 1949 vart landsbyen flytta til den noverande plasseringa nær staden til den avfolka palestinske landsbyen Al-Muharraqa. I følgje Morris ligg Tkuma nær Al-Muharraqa, men i følgje Khalidi ligg han kring 2 km vest for Al-Muharraqa, på landområde som formelt høyrte til byen Gaza.[1][2] I 1950-åra kom det fleire immigrantar frå Aust-Europa og Tunisia til moshaven.[treng kjelde] TerrorismHan ligg 5 kilometer frå Gaza, og på landområde som høyrer til Gaza by,[2] og har på grunn av dette blitt råka av rakettar avfyrte av Hamas.[3] Kjelder
Bakgrunnsstoff
|