Time er eit konseptalbum av Electric Light Orchestra (ELO) gjeve ut i 1981 via Jet Records. Albumet fortel ei historie om ein mann frå 1980-åra som har hamna i år 2095 og prøver å tilpasse seg dei nye omgivnadene sine.
I 2001 vart albumet mastra på ny og gjeve ut på CD med tre bonusspor. To av dei («Julie Don't Live Here» og «When Time Stood Still») hadde alt vorte gjeve ut som B-sider til singlar frå originalalbumet, medan den siste («The Bouncer») først vart gjeven ut som B-sida til singelen «Four Little Diamonds» frå det neste albumet, Secret Messages.
Rainer Pietsch tok over dirigeringa av orkesteret, sjølv om Louis Clark var med (for førsge gongen) på klaverinstrument i konsertbandet på Time-turneen.