Ticket to Ride er det første albumet til den amerikanske duoen Carpenters. Då albumet kom ut i 1969 hadde det tittelen Offering,[3] (med eit heilt anna plateomslag) og selde dårleg. Ein av songane på albumet vart ein liten hit, Lennon-McCartney-songen «Ticket to Ride», ein balladeversjon av The Beatles-songen.
Etter Carpenters fekk gjennombrotet sitt, vart albumet gjeve ut på ny internasjonalt med namnet Ticket to Ride og selde moderat.
Albumet er langt meir sjølvstendig enn andre Carpenters-album, utan orkestrering, og duoen spelte dei fleste instrumenta sjølv. 10 av 13 songar var skriven av Richard Carpenter og tekstforfattaren John Bettis. Det skil seg og frå seinare Carpenters-album ved at begge medlemmane deler likt på solovokalen. På seinare album var det nesten berre Karen Carpenter som song solovokal.