Thorolf Bugge
Thorolf Bugge (1. oktober 1879–21. mai 1935) var ein norsk fagforeiningsmann og politikar fødd i Heddal. Tingbolken 1922–24 representerte han Arbeidarpartiet og sidan Norges Kommunistiske Parti på Stortinget, vald frå Finnmark fylke. Bugge var son til ein distriktslege. Sjølv utdanna han seg ved den tekniske skulen i Bergen. Frå 1898 var han tilsett ved postkontoret i Vardø, der han 1901–06 fungerte som postmeister medan Adam Egede-Nissen møtte på Stortinget. Etter den tid dreiv Bugge gardsbruk og arbeidde for gruveselskapet Sydvaranger. I 1907 og 1908 leidde han fagforeininga Nordens Klippe, men vart svartlista for si aktivisme. Han dreiv så gardsbruket til 1916. Deretter var han styrar av forsyningsnemnda i Sør-Varanger kommune og frå 1917 kommunesekretær. Han flytta då til Kirkenes. Bugge var med i formannskapet i Sør-Varanger frå 1910 til 1922, perioden 1910–16 også skulestyremedlem. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann for Finnmark og Det norske arbeidarparti. På Tinget var han medlem i Samferdslekomiteen. Hausten 1923 var han ein av dei som braut med Arbeidarpartiet og danna NKP. Ved dei fire stortingsvala åra 1924 til –33 stod han på fyrsteplassen til NKP i Finnmark, utan å verte attvald. Kjelder
|