Symfoni nr. 2 av Haydn
Symfoni nr. 2 i C-dur, Hoboken I/2, av Joseph Haydn meiner ein vart skriven ein gong mellom 1757 og 1761. Han er instrumentert for to oboar, fagott, to valthorn, strykarar og continuo.[1] Som mange av dei tidlegaste symfoniane til Haydn og andre komponistar på denne tida, er han i tre satsar: I den andre satsen er blåseinstrumenta utelatne og fiolinane speler i sekstandedelsnotar frå start til slutt der mønsteret stadig vert broten ved hjelp av triolar.[2] Partiet for bratsjane i denne langsame satsen er fantasilaus, sidan dei følgjer basspartiet heile vegen[3] (t.d., «col basso», som var vanleg i denne perioden). Den siste satsen er «det første forsøkt til Haydn på ein symfonisk rondo»[4] Han er den einaste av symfoniane til Haydn som ikkje inneheld gjentakingsteikn[5]. Det er òg ein av dei kortaste symfoniane hans, og framføringane varer vanlegvis mindre enn ti minuttar. Kjelder
|