Summer Surf er det femte studioalbumet til surfemusikkartistenDick Dale and His Del-Tones.[1] Dale skreiv tre av songane på albumet og studiomusikaren for The Beach Boys, Steve Douglas, skreiv tre andre. Resten vart skrivne av forskjellige låtskrivarar og var ikkje nødvendigvis innan den klassiske surfestilen. Til dømes er songen «Glory Wave» skriven som ein spiritual, og var opphavleg skiven for strandpartyfilmen Surf Party i 1964, der han vart framført av Jackie DeShannon.[2]