Stutteri![]() Eit stutteri er ein stad som driv med al og oppdrett av hestar. Historisk blei hestar ala av adelsfolk. I mellomalderen gav nokre av desse kloster i oppdrag å driva stutteri, ettersom dei lesekunnige munkane kunne føra stambøker. Spanske karteusarmunkar er særleg kjende for å ha ala fram andalusiaren på 1400-talet. Seinare grunnla herskarar stutteri der dei kunne ala fram hestetypane dei ville ha. Statsstutteri gav gjerne tilgang til alshingstar utan at ein måtte betala dyre avgifter. ![]() Dei austerrikske stutteria i Kladrub (no Kladruby i Tsjekkia) og Lipizza (no Lipica i Slovenia) blei grunnlagde i 1579 og 1580, og gav opphav til lipizzanar- og kladruberhestane. På 1600-talet blei det grunnlagd fleire statlege stutteri for å sikra tilgangen på krigshestar til hærane. I Sverige blei det grunnlagd statsstutteri i Strömsholm, Flyinge og Ottenby på denne tida. I 1665 gav Ludvig XIV av Frankrike ordre til ministeren Colbert om å laga ei stutteriordning for heile landet. Stutteria skulle ala, forska på og forbetra hesterasane. Bygginga av det første av dei, Haras du Pin, tok til i 1715. I dag er dette eitt av 23 franske statsstutteri. AnnaNamnet til den tyske byen Stuttgart stammar frå stutteri. Sjå ògKjelder
|