Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Stora Karlsö

Kalksteinsklipper og fyret på Stora Karlsö

Stora Karlsö er ei lita svensk øy i Austersjøen, om lag 6 km vest for Gotland. Ho har eit areal på kring 2,5 km² og er opp mot 52 meter høg. Det meste av øya består av eit kalksteinsplatå med bratte klipper mot kysten. Ho er hovudsakleg dekt av alvar, med nokre einebærbuskar og nokre små lundar med lauvskog.

Øya er kjend for det rike fugle- og dyrelivet. Ho har store koloniar med lomvi (om lag 7500 hekkande par) og alke (4500 par). Om våren er det mykje orkidéar som blømer på øya. Her er òg fleire planter som er sjeldne i Sverige.

Det er spor på Stora Karlsö som viser at ho har vore busett sidan steinalderen. I mellomalderen var det eit marmorbrot på øya, og stein her frå vart nytta i kyrkjene på Gotland. Øya er i dag eit naturreservat og er etter Yellowstone nasjonalpark det eldste verneområdet i verda. Frå mai til august går det turbåtar til øya frå Klintehamn.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

57°17′1″N 17°58′19″E / 57.28361°N 17.97194°E / 57.28361; 17.97194

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya