Stephen Appiah
Stephen Appiah, (fødd 24. desember 1980 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som spelar på midtbanen for Bologna i italiensk Serie A, og for det ghanesiske landslaget. Appiah har spelt for fleire klubbar i Italia sidan han drog til Udinese i 1997. I 2005 var han med på å vinna italiensk Serie A med Juventus. Frå 2005 til 2008 spelte han for Fenerbahçe i Tyrkia, der han var med på å vinna den tyrkiske ligaen i 2007. I 2007 og 2008 var Appiah plaga av ein langvarig kneskade. Han drog frå Fenerbahçe i juni 2008, og var utan klubb fram til november 2009, då han skreiv under for Bologna. Sjølv om han var utan klubb var han også i denne perioden fast på det ghanesiske landslaget, og spelte i kvalifiseringskampane då Ghana kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010. |