Statsforvaltar
Statsforvaltaren (statsforvaltarembetet) fungerer som staten sin forlengde arm, og er eit upolitisk forvaltings- og tilsynsorgan på regionalt nivå i Noreg. Embetet utøver dei høgste sivile forvaltingsoppgåvene i eit fylke på vegner av den norske stat.[1] OrganiseringStatsforvaltarembetet vert leia av ein statsforvaltar. Statsforvaltaren vert tilsett av regjeringa, og som regjeringa sin fremste representant i fylket skal han sjå til at vedtak sette av sentraladministrasjonen (Stortings- og regjeringsvedtak) vert gjennomførte i fylket.[2] Under statsforvaltaren har ein ulike avdelingsdirektørar som har ansvar for kvart sitt fagområde.[3] OppgåverStatsforvaltaren, med administrasjonen, har oppgåver og tilsyn innanfor:
Statsforvaltaren skal òg kontrollere kommunale budsjett og låneopptak i kommunane, og skal vidare handsame klagar på fylkeskommunale og kommunale vedtak. Statsforvaltarembetet skal i tillegg samordna statlege etatar i fylket under ei krise,[4] men òg elles. Kvart fylke har sin statsforvaltar, med unntak av Oslo og Viken som har ein sams. Det er dermed ti statsforvaltarar i Noreg. HistorieStatsforvaltarembetet har røter attende til ordninga med sysselmenn i mellomalderen. I 1662, under eineveldet i Danmark-Noreg, vart len og syssel avløyste av amt, og dermed oppstod amtsnemninga. I 1919 skifta så amta namn til fylke, og amtmannen vart til fylkesmann. Reforma av 1975, som tredde i kraft frå 1976, skilde fylkesmannen frå fylkeskommunen, han vart dermed ein eigen forvaltingsinstitusjon.[5] I 2020 vart embetet omdøypt til statsforvaltar.[6][7] Sjå ògKjelder
Bakgrunnsstoff |