Standing There
«Standing There» er ein song av det engelske bandet The Creatures (òg kjend som songaren Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie). Innspelinga vart produsert i lag med Mike Hedges med Gary Barnacle på saksofon og Peter Thoms på trombone. Det var den første singelen frå Boomerang, det andre albumet til The Creatures. Melody Maker skreiv: «'Standing There' er ein stampande første singel frå Boomerang og omhandlar denne sjølvsame kjønnskampen, men hentar det heile bevisst heim.»[1] Den første B-sida, «Divided», var ikkje med på albumet. Sidan vart det lagt til ei B-side til for CD-utgåva av singelen, «Solar Choir». I USA vart songen spelt mykje på alternativ radio og nådde fjerdeplassen på Billboard Modern Rock Tracks-lista i januar 1990.[2] Notes
|