St Davids Head
St Davids Head (walisisk Penmaen Dewi) er eit nes i Pembrokeshire Coast nasjonalpark sørvest i Wales. I nordvest ligg byen St Davids. St Davids Head markerer den sørlege grensa til den store Cardigan Bay. I sør ligg Whitesands Bay, Ramsey Sound og St Brides Bay. Neset og området bakom tilhøyrer National Trust. Den vulkanske bergarten her er sagt å vere den eldste i landet med ein alder på seks millionar år. ![]() Det er fleire gamle monument på neset, mellom anna eit klippefort frå jernalderen, ein førhistorisk busetnad, ein førhistorisk forsvarsmur, fleire spor frå steinalderen og gravkammeret til Carreg Coetan Arthur .[1][2] Ein kan kome til neset til fots langs kyststien. Neset har eit rikt plante- og dyreliv. Rundt neset finst gråsel og niser. Mykje sjøfugl og vandrefalk er òg å sjå.[3] Kjelder
Bakgrunnsstoff |