Spanish Castle Magic
«Spanish Castle Magic» er ein song av The Jimi Hendrix Experience. Han vart skriven av Jimi Hendrix og produsert av Chas Chandler, og er den tredje songen på det andre studioalbumet til The Jimi Hendrix Experience, Axis: Bold as Love. KomposisjonSongen var inspirert frå high school-tida til Hendrix (kring 1958-1961), då han ofte vitja eit danselokale kalla The Spanish Castle. Klubben låg sør for Seattle, og mange lokale rockegrupper spelte der på denne tida. Vegen fram dit var på denne tida langt lengre enn han seinare vart, og bilen som venen til Hendrix hadde, braut saman forholdsvis ofte, og derfor linja «Takes 'bout a half a day to get there...» The Spanish Castle vart rive ned i april 1968. Musikken skiftar mellom aggressiv, fyldig gitar i introen, refrenget og soloane, og eit riff spelt i rytmiske steg av gitar, trommer og bass på versa. Andre versjonarFleire andre artistar har spelt inn songen, mellom anna Santana, Hay and Stone, Yngwie J. Malmsteen, MDC, Spin Doctors og Hiram Bullock. Songen var spelbar i videospelet Guitar Hero, men vart der spelt som ein instrumental. Kjelder
|