Songen Rose of Cimarron
«Rose of Cimarron» er ein song av countryrockbandet Poco og tittelsporet på albumet deira Rose of Cimarron frå 1976. Songen er skriven av medlemmet Rusty Young og er sungen av Paul Cotton og Timothy B. Schmit. Songen kom ut på singel i oktober 1976 og nådde 94. plassen på Billboard Hot 100. Det vart òg den einaste singelen til Poco som gjekk inn på singellista i Australia, der han nådde 51. plassen. Salslister
Andre versjonarDen tyske duoen Hoffmann & Hoffmann debuterte på plate med ein tyskspråkleg versjon av songen, som hadde same tittelen som den engelske versjonen. Songen vart spelt av Emmylou Harris i 1981 på albumet hennar Cimarron, og gav tittelen på albumet. Sandy Posey spelte òg inn «Rose of Cimarron» i 1982 på albumet hennar Tennessee Rose. Sommaren 2017 spelte Rusty Young sjølv inn «Rose of Cimarron» som ein duett med vokalisten Chelsea Williams.[2] Kjelder
|