Songen A Kind of Magic
«A Kind of Magic» er tittelsporet til albumet med same namn frå 1986 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av trommeslagaren Roger Taylor for filmen Highlander. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart, topp ti i fleire land i EUropa og 42. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Songen er opningssporet på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[1] I Queen-samlingane The Platina Collection, Classic Queen og Greatest Hits II står det i omslaget at songen nådde toppen av listenen i 35 land verda over,[2] men så langt kjenner ein ikkje til noko stad der songen nådde toppen av listene. InnspelingTittelTittelen «a kind of magic» vert sagt i Highlander av Connor MacLeod (Christopher Lambert) då han skildra udøydelegheita si. Roger Taylor likte uttrykket så godt at han brukte det som ein inspirasjon for songen. Det er ein referanse til filmen i teksten: «one prize, one goal»; «no mortal man» og «there can be only one». KomposisjonTaylor skreiv melodien og akkordane for versjonen i filmen, som Brian May skildra som «ganske sorgfull og tung».[3] Freddie Mercury komponerte ei ny basslinje, la til instrumentale pasuar og endra rekkefølgja i songen slik at han vart meir popvenleg. Mercury og David Richards produserte denne nye versjonen. Songen var likevel berre tilskriven Taylor. Medan versjonen til Taylor kjem mot slutten av filmen, kom Mercury sin versjon først på albumet. Filmversjonen av «A Kind of Magic» vart først gjeve ut som bonusspor i 2011. KonsertversjonarSongen vart ofte spelt på The Magic-turneen same året, som viste seg å bli den siste turneen til Queen før Freddie Mercury døydde. Taylor spelte ofte songen på solokonsertane sine, og i lag med bandet The Cross. På Rock the Cosmos-turneen i EUropa song Taylor solovokal på songen på somme av konsertane. MusikkvideoMusikkvideoen for songen vart regissert av Russell Mulcahy, som regisserte Highlander. I videoen kan ein sjå Mercury som går inn på eit nedlsagt teater, der han finn May, Taylor og John Deacon, kledde som landstrykarar. Mercury omvandlar dei tre til Queen-medlemmar, med sine respektive instrument, før dei går attende til å bli landstrykarar att når han forlet teateret. Gjennom videoen dansar animasjonbilete til rytmen i songen. Desse vart produserte av Walt Disney Corporation. Andre versjonarMusikalartisten Elaine Paige spelte inn songen på albumet hennar The Queen Album i 1988.[4] ListerSalstrofé
Medverkande
I andre media
Kjelder
Bakgrunnsstoff |