Solveig Barstad
Solveig Margrethe Barstad (fødd 4. desember 1966) er ein norsk programleiar for TV 2. Bakgrunn og familieSolveig Barstad vart fødd i Førde. Ho har hovudfag i statsvitskap og grunnfag i historie og offentleg rett frå Universitetet i Oslo. Barstad er dotter av Helge Barstad og syster av Hilde Barstad, begge Høgre-politikarar. Saman med systera var ho aktiv i Unge Høgre i 1980-åra og tok del i elitekurset til Unge Høgre i 1986.[1] Solveig Barstad er gift med Høgre-politikaren Jan Tore Sanner. KarriereSolveig Barstad arbeidde tidlegare i NRK Dagsnytt og har vore journalist i NRK Sogn og Fjordane og kanalvert i NRK. Sidan 1995 har ho vore knytt til TV 2, fyrst som programleiar og redaksjonsleiar i God morgen Norge før ho i 2000 tok over som programleiar i TV 2 hjelper deg etter Arve Juritzen.[2] Barstad har òg leidd program som Redd ferien min og Matkontrollen på TV 2. Kjelder
Bakgrunnsstoff |