Solenoid![]() Ein solenoid er ein aktuator som omformar elektrisk energi til mekanisk energi, for å oppnå ei lineær rørsle. Ein solenoid er difor ein type lineærmotor. Nemninga solenoid vart innført av André Marie Ampère i samband med at han studerte krefter mellom straumførande leiarar[1]. Han kom då på å vikla leiaren i ei spiralform for å oppnå eit sterkare magnetfelt inne i spiralen. Ein solenoid har mykje til felles med ein spole, men når ein nyttar omgrepet spole tenkjer ein fyrst og fremst på induktansen, som gjer at impedansen aukar med frekvensen, eller ein er interessert i å kopla saman elektiske krinsar, som i ein transformator. Omgrepet solenoid derimot er fyrst og fremst nytta når ein ynskjer å generera ei mekanisk kraft, som i ulike elektro-mekaniske aktuatorar. Oppbygging![]() Ein solenoid er bygd opp av ein spiralforma elektrisk leiar, som oftast av isolert koppartråd, som omsluttar eit stempel, òg kalla armatur, av blautt jarn[2]. Når det går straum i koppartråden vert det generert eit magnetfelt. Dette feltet genererer ei kraft som trekkjer stemplet mot midten av spolen, slik at reluktansen blir minst mogleg. Armatuet stikk vanlegvis ut frå spolen, så den magnetiske fluksen går inn i armaturet gjennom sidene, men ut gjennom enden. Det er fluksen gjennom enden på armaturet som genererer krafta som trekkjer armaturet inn i spolen[3]. Dei fleste solinoidar har ei fjør som trekker stemplet ut av spole når det ikkje går straum i han. Når ein koplar på straumen vil krafta frå magnetfeltet overvinna fjørkrafta og trekkja stempelet inn mot midten. Krafta på stempelet kan regulerast ved å variera straumen, eller vindigstalet til spolen. For å finna fram til det den beste utforminga av spolen og armaturet vert det nytta FEM-analyse og ymse optimaliseringssmetodar[4]. Solenoidar er som oftast anten på eller av, så dei kan ikkje nyttast der ein treng meir nøyaktig kontroll av rørsla. For å spara energi og hindra varmgang i solenoiden er det ein føremon at han står i kvileposisjonen lengre enn i aktiv posisjon. Armaturet treng ikkje vera sylinderforma, men kan vera rektangulært, og av og til flatt. I elektriske lås til dømes er det ein føremon at armaturet er flatt og tynt. Rektangulære armatur har den føremonen at det er lett å produsera dei av laminert jarn, slik at virvelstraumstapa vert mindre. BrukNokre døme på bruk av solenoidar:
Sjå ògReferansar
|