SloMo
«SloMo» (forkorting av det engelske uttrykket slow motion, 'sakte film') er ein spansk latinopoplåt, og han er debutsingelen til den spansk-cubanske artisten Chanel. Songen er skriven av Leroy Sanchez, Keith Harris, Ibere Fortes, Maggie Szabo og Arjen Thonen. Songen var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino, der han enda på tredjeplass – den beste plasseringa til Spania på 27 år. BakgrunnDen spanske kringkastaren TVE kunngjorde 10. desember 2021 at Chanel og «SloMo» var blant deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest. Tevlinga er den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest.[1] «SloMo» vart gjeven ut digitalt 24. desember same år og deltok deretter i den fyrste semifinalen av Benidorm Fest 26. januar 2022. I semifinalen fekk Chanel høgaste poengsum frå juryen og telefonavrøystinga.[2] Under finalen laurdag 29. januar vann «SloMo» Benidorm Fest og vart dimed det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[3] Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[4] I finalen vart «SloMo» nummer tre i både jury- og telefonavrøystinga og enda samanlagd på ein tredjeplass. Dette var den beste plasseringa til Spania i Eurovision Song Contest sidan 1995, då Anabel Conde kom på andreplass bak norske Secret Garden og «Nocturne». Listeplasseringar
Kjelder
|