Sleeps With Angels er det 23. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse og gjeve ut 16. august 1994 på Reprise. Det var produsert i lag med David Briggs.
Bakgrunn og innspeling
Albumet var eit forsøk på å fange dei atmosfæriske eksperimenta Young og Crazy Horse gjorde i After the Gold Rush-tida. Sjølv om det meste av albumet vart spelt inn før Kurt Cobain tok livet av seg, laga Young tittelsporet etter dette skjedde. Cobain siterte Young i avskjedsbrevet sitt. Som følgje av dette vart Sleeps With Angels meir liknande Tonight's the Night, og albumet er i røynda ei (meir dempa) utgåve av dette albumet frå 1990-åra. Stemninga på albumet er mørk og grublande, bortsett frå den punkaktige «Piece of Crap». To songar («Western Hero» og «Train Of Love») har same musikk med forskjellig tekst.
Sleeps with Angels er det einaste Neil Young-albumet der han spelar fløyte.[4]
Albumet nådde 9. plass på den amerikanske albumlista og 4. plass i Noreg.
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde