Skeise-VM 2003 i firkampVerdsmeisterskapen på skeiser 2003 i firkamp vart avvikla på Ruddalens idrottsplats i Göteborg i Sverige 8. og 9. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 12 ulike land deltok i meisterskapen. Nederlendaren Gianni Romme vart verdsmeister for andre gong, på dei neste tre plassane kom hans landsmenn. Romme var bestemann på dei to lengste distansane, Ids Postma gjekk fortast av alle på 500 meter og Jevgenij Lalenkov på 1500 meter. I kvinneklassa vart Cindy Klassen frå Canada verdsmeister for fyrste gong. Distansesigrarar var Jennifer Rodriguez på 500 m, Claudia Pechstein på 3000 m, Maki Tabata på 1500 m og Clara Hughes på 5000 meter. Eskil Ervik var den einaste av dei norske deltakarane som hevda seg i tevlingane. Han vart sjettemann samanlagt, Lasse Sætre og Annette Bjelkevik enda høvesvis som nummer 21 og 22. Skeise-VM 2003Menn
Dato: 8.–9. februar 500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Kvinner
Dato: 8.–9. februar 500 meter
3 000 meter
1500 meter
5 000 meter
Kjelder
|