Skeise-VM 2001 i firkamp![]() Verdsmeisterskapen på skeiser 2001 i firkamp vart avvikla i Budapest i Ungarn 10. og 11. februar. 24 kviner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen. Meisterskapen vart avvikla på ei utandørs skeisebane i byparken. Nederlendaren Rintje Ritsma vart verdsmeister for fjerde gong og tyske Anni Friesinger for fyrste gong. Friesinger vann dei to kortaste distansane i kvinneklassa, Bart Veldkamp dei to lengste distansane for menn. Elles sigra tyske Christian Breuer på 500 meter, nederlendarane Ids Postma og Renate Groenewold på høvesvis 1500 m og 3 000 meter, samt tyske Claudia Pechstein på 5 000 meter. Noregs einaste deltakar, Anne Therese Tveter, enda på 23. og sisteplass av dei som fullførte tevlinga. Skeise-VM 2001Menn
Dato: 10.–11. februar 500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Kvinner
Dato: 10.–11. februar 500 meter
1500 meter
5 000 meter
Kjelder
|