Sink er eit metallisk grunnstoff med atomnummer 30 og kjemisk symbol Zn. Det er eit transisjonsmetall i gruppe 12 i det periodiske systemet.
Metallet vert mellom anna brukt til å verna stål mot korrosjon ved galvanisering eller bruk av offeranodar.
Sink vert stundom brukt til å stiva opp store orgelpiper.
Sinkoksid vert brukt som eit kvitt pigment.
Messing er ei legering av sink og kopar. Sink vert òg brukt i andre legeringar.
Sink vart oppdaga av Andreas Marggraf i 1500.
Sink er eit viktig mineral for kroppen. Det er ein del av mange enzym. Sink finst mellom anna i kjøt og korn.