Sils im Engadin/Segl
Sils im Engadin/Segl (tysk Sils im Engadin; retoromansk Segl) er ein kommune i distriktet Maloja i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 752 innbyggjarar (2010) og eit areal på 64 km². Kommunesenteret ligg 1803 meter over havet, ved austenden av innsjøen Silsersee i dalføret Ober-Engadin. Til St. Moritz er det om lag ni kilometer i nordvestleg retning. Retoromansk var det stadeigne talemålet, men sidan 1970 har tysk vorte talemålet til eit fleirtal av befolkninga. Ved folketeljinga 2000 gav 59,4% opp tysk som morsmål. Retoromansk hadde då falle til 12%, medan italiensk held stillinga med sine 15,5%. ![]() Kommunen består av landsbyen Sils im Engadin/Segl som består av delane Sils-Maria, Sils-Baselgia, Fex og Grevasalvas. Han ligg i øvre Engadindalen, mellom Silsersee og Silvaplanasjøen ved foten av Piz Corvatsch og Piz da la Margna og nedanom Fexdalen. Skirennaren Dumeng Giovanoli er frå Segl. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|