Sigrid Bugge
Sigrid Dorothea Bugge (1915–2011)[1] var ei norsk sjukepleiar, organist og sanitetskvinne. Før og under andre verdskrigen utmerkte ho seg som sjukepleiar i Bodø. Ho var òg militærsjukepleiar med kapteinsgrad under Koreakrigen (NORMASH) og var aktiv i Europahjelpen i fleire land. Ho virka òg som organist i Bodø.[2] OrganistSigrid Bugge blei fødd i Oslo, men flytta etter kvart saman med familien til Bodø i Nordland. Som barn synte ho seg som eit musikalsk talent, og debuterte som organist i Høvik kyrkje allereie som niåring. Soknepresten der skreiv ein attest til henne som sa at: Sist sundag var frk. Sigrid Bugge vikar for organist Lindemann i Høvik Kyrkje. Ho behandla orgelet på ein framifrå måte. Hennar preludium var stemningsfulle og vakre, og kornalspelinga var stø og sikker. Ho vert sikkert ein god organist.[3] I Bodø fekk ho orgelundervisning frå organisten og komponisten Fridthjov Anderssen, før ho seinare studerte kyrkjeorgel ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1937 søkte Bugge stillinga som organist i Bodø kyrkje, der det hadde blitt ledig etter Fridthjov Anderssens død. Ho hadde gode karakterar frå Musikkonservatoriet, fleire glimrande attestar og ei tilråding frå Ivar Orestad, formannen i Bodø sokneråd, men fekk ikkje organistjobben. SjukepleiarEtter avslaget på jobben i Bodø drog Bugge til Southampton i England. Der budde ho hos ein slektning som underviste i sjukepleie for Raudekrossen. Etter dette opphaldet starta Bugge på sjukepleiarstudium. Då andre verdskrigen braut ut, arbeidde Bugge som sjukepleiar i Bodø. Då byen blei bomba 27. mai 1940, var ho på vakt på Bodø sjukehus, der om lag 150 pasientar måtte hjelpast i tryggleik. Sjukehusbygningen blei råka av fleire bomber medan evakueringa pågjekk. Under krigen blei Bugge òg kjend med sjukepleiaren Gunvor Haavik, som i 1977 blei tiltalt for spionasje for Sovjetunionen.[4] Like etter krigen arbeidde Bugge som sjukepleiar i London, men vende tilbake til Bodø sjukehus etter nokre år. I 1953 var Bugge oversyster med kapteinsgrad ved feltsjukehuset NORMASH (Norwegian Mobile Army Surgical Hospital). Dette var eit norsk feltsjukehus som var ein del av FN-kommandoen sitt engasjement under Koreakrigen. Etter Koreakrigen kom Bugge tilbake til Bodø. Her heldt ho fram i helsevesenet og blei mellom anna engasjert av Raudekrossen til å halde instruktørkurs i sjukepleie i 1956. I 1959 fekk ho jobb som sjukepleiar ved Bodø Flystasjon. Her tok ho vidareutdanning i audiometri og blei dermed autorisert til å gjennomføre høyrselstestar av personell i flyvåpenet. EttermæleSigrid Bugges barndomsheim «Bugge-garden» i Bodø blei omgjort til eit aktivitetssenter for ungdom, Gimle fritidssenter. Arkivmateriale etter Sigrid Bugge blir oppbevart hos Arkiv i Nordland. Dette arkivet inneheld òg ein del materiale om Fridthjov Anderssen. Dei fleste av dokumenta etter Anderssen blei oppbevarte i Sangerhallen i Bodø, som blei fullstendig øydelagd under bombing av byen 27. mai 1940.[3] Sigrid Bugge er ei av kvinnene trekt fram som Hederskvinne av foreininga Hederskvinner Nordland.[5] Kjelder
Bakgrunnsstoff
|