Shogun![]() ![]() ![]() Shogun (japansk 将軍 shōgun) er ein japansk embetstittel som mesteparten av tida frå 1192 til 1867 viste til den utøvande makta i Japan. I shoguntida var keisaren av Japan berre nominelt statsoverhovud.[1] Dette enda med Meijirestaurasjonen. Ordet «shogun» tyder 'feltherre' eller 'general'. Den komplette tittelen seii taishōgun (征夷大将軍) tyder 'den store generalen som kuar barbarar', det vil seia innfødde ainuar som heldt til på Honshu og Hokkaido. Tokugawashogunatet
Under Tokugawashogunatet var Japan eit militærdiktatur med shogunen i Edo som den verkelege herskaren i landet. Keisarbyen Kyoto var framleis offisiell hovudstad i landet, men keisarfamilien og adelen rundt han hadde inga reell makt. Under denne perioden isolerte Japan seg frå omverda. Det tillét berre svært avgrensa kontakt med utlendingar i form av nederlandske protestantiske handelsmenn på øya Dejima i hamna til Nagasaki. Shogunatet byrja slå sprekker på i midten av 1800-talet, og ende til slutt med Meijirestaurasjonen. Etter 250 år fekk keisaren makta attende og shogunatet og samuraiordninga blei avvikla. Japanske shogunarÅrtala viser til tida då kvar shogun sat ved makta eller hadde tittelen Kjelder
|