Shaqqa
Shaqqa eller Shakka (arabisk شقا) er ein by sør i Syria i As Suwayda guvernement , med kring 8 000 innbyggjarar. Innbyggjarane er hovudsakleg drusarar, etterkomarane etter dei som flytta hit frå Libanon på 1700- og 1800-talet. I antikken vart han kalla Saccaea (òg skrive Sakkaia). I 287 evt. fekk han bystatus og namnet Maximianopolis.[1][2][3] Sidan han låg i den romerske provinsen Arabia, er han skild frå andre byar med namnet Maximianopolis i Arabia. Plassering og arkitekturShaqqa ligg nord i utkanten av vulkanplatået Jabal el Druze i ei høgd på 1070 meter over havet, 7 km aust for Shahba og kring 25 km nord for As-Suwayda, hovudstaden i guvernementet. Frå antikken finst det restar etter fleire bustadhus som er rikt utsmykka. I tillegg finst her:
Maximianopolis i Arabia hadde utan tvil ein romersk garnison,[1] og var ein colonia,[4] den høgaste rangeringa ein by kunne ha i riket. Han nytta ein kalender som talde åra frå då Maximian vart keisar (286 evt.).[5] Ein inskripsjon nemner eit tempel for Zevs Megistos,[6] og ein annan som ber eit epigram om filosofen Proclus.[6] BispesetePå 400-talet var Maximianopolis eit bispesete,[1] og biskopen Severus var ein av dei som signerte ved kyrkjemøtet i Kalkedon i 451.[7][8] Ein inskripsjon frå 594 talar om ein lokal biskop, kalla Tiberinus, som vart reiste ein martyrium for St. Georg og andre martyrar.[9] Ein annan inskripsjon nemner ein biskop Peter.[10] Bispesetet Maximianopolis i Arabia er oppført på lista over bispesete i den katolske kyrkja.[11] På 1800-talet vart han feilaktig kalla «Maximopolis», fram til det vart retta i 1885.[10] Somme kjelder frå den same perioden foreslo at Maximianopolis i Arabia var byen Sheikh Miskin.[10] Kjelder
|