Senter for praktisk kunnskapSenter for praktisk kunnskap (SPK) er eit tverrfagleg utdannings- og forskingssenter ved Nord universitet, administrativt lagt under Fakultet for lærarutdanning og kunst og kulturfag. Her driv ein med tverrfagleg forsking, undervising og ph.d.-rettleiing. Senteret vart skipa i 1997 ved det som då var Høgskulen i Bodø for å stimulera til forsking og kritisk refleksjon innan alle typar praksisar, særleg yrkes- og profesjonspraksisar. Senteret hadde eit hovudansvar for søknaden om og drifta av doktorgradsprogrammet Ph.d. i studium av profesjonspraksis frå akkrediteringa i 2009 fram til fusjonen i 2016 mellom Universitetet i Nordland, Høgskulen i Nesna og Høgskulen i Nord-Trøndelag til Nord universitet. SPK har eit samansett forskingsmiljø som særleg studerer profesjonar, profesjonsutøving og profesjonskvalifisering. ForskningsgrupperForskarar ved Senter for profesjonsstudium er organisert i to forskingsgrupper:
Forskingsgruppene har spesialisert seg på studium av praktisk kunnskap eller praxis og på kunnskapsutvikling i praksis der både etiske og kvalitative spørsmål i ulike typar praksisar står sentralt. Forskingsgruppa for borderologi studerer kunnskap i grenseland mellom praksisar og har eit samarbeid med Universitetet i Murmansk om master i borderologi, det å leva på grensene mellom to land. Prosjektet var opphavleg finansiert av Utanriksdepartementet. AktivitetarSenter for praktisk kunnskap har ei rad prosjekt og aktivitetar, blant anna:
Kjelder
Referansar
BakgrunnsstoffSenter for praktisk kunnskap Arkivert 2021-01-24 ved Wayback Machine. |