Seconds Out er eit dobbelt konsertalbum av Genesis, som kom ut i oktober 1977. Det nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og låg inne på lista i 17 veker.[4] Konsertane vart innspelte i Paris i 1976 og 1977 for turneen deira etter A Trick of the Tail og Wind & Wuthering. Mot slutten av fleire songar kan ein høyre publikum rope om at bandet skal spele ein song til med å rope «Une autre!» som tyder «ein til».
Historie
Seconds Out er det andre konsertalbumet til bandet etter Genesis Live i 1973. Medan det førre konsertalbumet vart gjeve ut for fylle tida medan dei spelte inn Selling England by the Pound, var Seconds Out planlagt som ei stor utgjeving. Med på turneen i 1977 hadde dei med seg tidlegare trommeslagar i Weather Report, Chester Thompson, som kom til å sitje bak trommene på mange Genesis-turnear i åra som følgde. Tidlegare trommeslagar i Yes og King Crimson, Bill Bruford, spelte trommer for bandet i 1976. Phil Collins spelte ikkje trommer sjølv, då han hadde teke over som vokalist i bandet. Bruford er berre med på songen «The Cinema Show» på albumet. Gitarist Steve Hackett slutta i bandet under miksinga av Seconds Out. Albumet vart ein suksess både hos publikum og kritikarane og nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 47. plass i USA.