Scunthorpe
Scunthorpe (populært kalla Scunny, eller ironisk Sunny Scunny) er ein by i Lincolnshire i England. Han er administrasjonssenter for North Lincolnshire, og har litt over 80 000 innbyggjarar. Byen er kjend som the Industrial Garden Town, «den industrielle hagebyen», fordi han på trass av å vere tungt industrialisert har hatt mange store hagar i sentrale område. Framleis er stålindustriselskapet Corus den største arbeidsgjevaren i området, men sysselsettinga i industrien har gått attende dei seinare åra. Industrien har sett sine spor, og byen er rekna som ein av dei tyngst dioxinforgifta i heile Storbritannia. Byen har fotballaget Scunthorpe United, kalla "The Irons", som spelar i Championship, og har Glanford Park som si bane. Klubben har fostra både Ray Clemence og Kevin Keegan, og Ray Clemence er no ein av direktørane i klubben. I Domesday Book (1086) er staden nemnd som Escumestorp, norrønt for «Skumas bruk». KjelderBakgrunnsstoff |