Sanctuary Cliffs
Sanctuary Cliffs er nokre klipper ved nordkanten av isen som dekkjer den sentrale delen av Snow Hill Island i James Ross-øyane. Dei vart oppdaga og kartlagt av Den svenske antarktisekspedisjonen i 1901–04, under Otto Nordenskjöld. Dei gav dei namnet «Mittelnunatak», truleg etter palsseringa midt på nordkysten av øya. Etter landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1952 vart det rapportert at «cliffs» var meir høvande enn «nunatak». Sidan ordet «Middle» er nytta i fleire andre stadnamn i Antarktis, tilrådde UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) eit heilt nytt namn for staden. Sanctuary Cliffs er skildrande fordi klippene gjev ly frå den rådande sørvestlege vinden. Kjelder
|
||||||||||||||||||










