Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Ròte egg-tåka

Hubble-bilete av Ròte egg-tåka

Ròte egg-tåka eller Kalebasståka (teknisk namn: OH231.8+4.2) er ei protoplanetarisk tåka som ligg rundt 5000 lysår unna jorda i stjernebiletet Akterstamnen.[1] Tåka er kring 1,4 lysår lang.[1]

Førstnemnde namn kjem av at tåka inneheld mykje svovel som kan lukta som ròte egg på jorda.[1] Kalebassnamnet viser til den uvanleg forma hennar.[2]

Mykje av gassutstrøymingane som no er observerte ser ut til å stamma frå ein nyleg akselerasjon som skjedde for 800 år sidan.[1] Astronomar trur at Ròte egg-tåka vil vera ei fult utvikla planetarisk tåka om 1000 år.[1]

Gassen i Ròte egg-tåka strøymer utover med snøggleikar på opp mot 1,5 millionar kilometer i timen.[1]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «PIA04228: Rotten Egg Nebula» - Biletteksten til eit Hubble-bilete av tåka hos NASA Photojournal.
  2. Calabash Nebula (Rotten Egg Nebula) - OH231.8+4.2 | Constellation Guide (på engelsk), henta 30. januar 2020 [daud lenkje]
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya