Rudi Smidts
Rudolf Smidts, kjend som Rudi Smidts, (fødd 12. august 1963) er ein belgisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Deurne. Han spelte meir enn 10 år på Royal Antwerp og deltok i 33 landskampar for dei raude djevlane, kallenamnet til Belgias fotballandslag. KlubbspelSmidts var venstreback på Royal Antwerp i tida 1984-98. Særs godt spelte han frå då han nærma seg 30 år. Han vert rekna som ein av dei beste sidebackane i soga til Antwerpen-klubben. Høgdepunkta som klubbspelar kom i 1992 og 1993. Den 7. juni 1992 vann Royal Antwerp den belgiske cupmeisterskapen mot KV Mechelen, etter 2-2 i spel og 9-8 i straffeskyting. Våren etter tok dei belgiske cupvinnarane seg til finalen i Cupvinnarcupen, på Wembley stadion i London vart det tap 1-3 mot Parma FC. LandslagsspelSmidts deltok i 33 landskampar for Belgia i tida 1992-97. Han skåra eitt einaste landslagsmål, sigersmålet då Belgia på heimebane 14. oktober 1992 slo Romania 1-0, i det som var Smidts andre kamp i landslagstrøya. Han spelte i alle fire kampane til Belgia under VM i fotball 1994 i USA. Merittar
Kjelder
|