Rosh Tzurim
Rosh Tzurim (hebraisk skrift רֹאשׁ צוּרִים, tyder Toppen av berga) er ei israelsk busetjing og ein religiøs kibbutz på den okkuperte Vestbreidda, grunnlagd i 1969. Han ligg kring 20 km sør for Jerusalem, 3,9 km aust for Den grøne linja, på innsida av den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda. Han er eit medlem av Den religiøse kibbutzrørsla og er underlagt Gush Etzion regionale kommune. I 2011 hadde han 730 innbyggjarar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1] HistorieBusetjinga vart grunnlagd i 1969 av medlemmar av Bnei Akiva religiøse speidarar og Nahal-soldatar. Namnet kjem frå bibelverset «g ser han frå toppen av berga, frå høgdene skodar eg han» (4. Mos 23:9).[2] Rosh Tzurim ligg der der Beth Zechariah låg i antikken og på ein åstopp der Ein Tzurim tidlegare låg. Denne vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948 av den arabiske legionen frå Jordan og seinare oppretta på ny i Lakhish-området. Rosh Tzurim er i dag privatisert.[3] Kjelder
|