Rolv Laache
Rolv Laache (19. november 1886–29. februar 1964) var ein norsk historikar og arkivar frå Oslo. Han var son til Søren Laache. Rolv Laache tok artium ved Oslo katedralskole i 1905 og studerte deretter i England. Åra 1917-23 var han amanuensis ved Universitetsbiblioteket i Oslo, og frå 1923 til 1947 arbeidde han som arkivar ved Riksarkivet. Frå 1947 var han statsstipendiat, kosta av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Laache vart dr.philos. i 1930 på ei tre band stor avhandling: Henrik Wergeland og hans strid med prokurator Praëm: Aktmessig fremstillet, for det meste efter utrykte dokumenter (1927-30). Han gav også ut Torvslaget i 1929, Nordmenn og svensker efter 1814 i 1941, Henrik Wergeland og hans historielærer i 1945 og Om hellener og barbarer i 1946. Kjelder
|